mai 152011
 

På gården har me eit dyr, ein søt liten katt som heiter Buster 😀 Alle(bortsett frå Besten) er veldig glade i pusen.

 

Me fekk vår fyrste katt i 2000, ho kalla me Frumjao, ho forsvann i 2003. Frumjao levde dei fyrste månadane me hadde ho inne, men då me fann ut at eg var allergisk måtte ho flytte ut 🙁 Frumjao var ein liten sprettball, då me skulle vatne blomane var det ikkje uvanlig å finne ho i hengeplantane 😛

Ho forsvann tre gangar, tredje gangen kom ho ikkje att :'(

Du er nydelig pusen min, savenr deg <3

I 2002 fekk Frumjao sitt fyrste kull, den ungen me behaldt var Pjusken. Ho var veldig sosial, ikkje så veldig kosete, men ho var alltid med på tur. Eg hugsar spesielt godt ein gang Besten og Besto gjekk til Raudahytto for å hente bilen som sto der oppe. Pjusken følgde etter, men då dei kom opp, skulle Besto og Besten køyra ned igjen, dei ville ikkje ha katten i bilen, så stakkars Pjusken vart igjen der oppe 🙁

Seinare den dagen måtte eg, Håvard, Eirik, mammo og pappen gå til hytta for å hente ho 😀

Pjusken kom springande glad då me kom opp 😀

Pjusken forsvann hausten 2007, seinare fann me ho død i høyet :'(

Du er så fin Pjusken, R.I.P. :'(

Tiger var ungen til Pjusken, ho vart fødd i 2003 og hadde ei søster/ein bror med namn Mini Pjusken. Me hadde ikkje Tiger så lenge, men det eg hugsar ho som, ein koslig, snill og søt katt 🙂

Tiger forsvann etter 1,5 år :'(

Søting, Tiger som halvstor, Savner deg pusi <3

Buster vart fødd i 2004 i ein søskenflokk på 5, i det einaste kullet til Tiger. Ein av kattungane gav me vekk, tre døyde, eg skylder på Pjusken, ho var nok sjalu sidan kattungane hennar var vekke.

Me skulle eigentlig ikkje behalde Buster, men så forsvann Tiger på mystisk vis, så me behaldt ho 😀

Buster var ein veldig sjenert katt dei fyrste åra, men så vart ho mykje meir kosete. No er ho kansje den mest kosette katten me nokon gang har hatt, litt usikker på om Frumjao var litt meir kosete 😀

Buster har alltid våre ein utekatt, og må derfor utnytte eigarane sine, om vinteren, når det er kaldt, er Buster så innpåsliten at det nesten er plagsamt. Når det er kaldt vil eg inn, men Buster vil ha kos, så det ender ofte med at eg sitter og fryser mens eg koser med katten for at ho skal bli varm.

Eg er utrulig glad i deg pusen min 😀 du skal bli her for alltid <3

Søtingen min Buster <3 gammalt bilde frå ho var ca 1 år 🙂

No har me ikkje hatt snille kattungar på mange år, sidan Buster ikkje stoler på å la oss sjå kattungane før dei er blitt for gamle til å temme 🙁

Pjusken var og skeptisk til det dei siste åra, grunnen var nok at me måtte drepe eit kull med søte små ungar, fordi ingen ville ha dei :'(

Siste snille kattungane <3

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel