GNUjump er eit spel som går ut på å hoppa oppover i eit tårn, der du aldri kjem til tops. Det er om å gjera å koma høgast mulig. Spelet er veldig likt eit meir kjent spel som heiter Icy Tower, berre litt vanskeligare.
Du styrer ein vill fyr som er sjukt vanskelig å styra, men det er den utfordringen som gjer spelet kjekt 😀
Eg har spelt dette spelet som eit tidsfordriv, for eksempel då eg venta på å få oppgåvene til tentamenane eg hadde i vår, og derfor har eg fått mykje høgare highscore enn det dei fleste greier. Viss du ikkje har spelt mykje greier du vanligvis ikkje meir enn 20.
Eg vil anbefale alle å prøve dette spelet 🙂
Link til sida til spelet: http://gnujump.es.gnu.org/index.php/Main_Page