jun 242011
Her på bruket har me ein tradisjon på jonsokk, då samlest ein del haustveitingar + nokre hausoingar ved nauste vårt og griller
Det kulaste er at me brenner bål med mange øydelsgte tre-pallar + litt anna rusk og rask og ei heks på toppen 🙂
Heksa lager me med gamle kle + som vert stappa fulle med avispapir(har pleid å brikt torrhøy, men no har me slutta med sau, og har derfor ikkje torrhøy) som me bitte saman med skytestreng på eit trekross, dritkult!!!!! 😀
Borsett frå at bålet velta vart det ein vellykka kveld, det kom 19 stykk 🙂 Men det var mange som vanligvis kjem som ikkje kom 🙁
Gleder meg til neste år 😀
død heks ja ho