des 092013
 

Kvil i fred Råtto Kvitepus Haustveit, eg saknar deg allereie.

Det er rart å sitte her å tenke på deg, pusen min <3 Hadde aldri trudd du skulle reise frå meg så fort. Du vart altfor ung, kunn 1,5 år gammal, og eg var sikker på at me skulle ha deg i mange år til. Mor di er jo over 9 år, og eg var sikker på at ho skulle reise frå oss før du gjorde det.

Du og søskene dine vart født rundt månadskiftet Mai/Juni i 2012, det var veldig rart å sjå på dykk, for de var så ulike. Det var du med den kvite lange pelsen, Oransje med kort oransje pels(no shit) og Junior med kort spraglette pels. De var så utrulig fine <3 Me hadde ikkje hatt tamme kattungar på 6-7 år, så me forventa ikkje det då heller, så når det gjalt namn var me ikkje serlig kreative. Oransje var oransje og Junior likna på mor si, mens du, Råtto, likna litt på ei kjeledyr rotte, iallefall i fargane 🙂 De var jo sikkert under ei veke gamle når me fann dykk, så du likna nok litt på ei rotte, så begynte Håvard å spøke med det, og derfor blei det namnet ditt.

råtto4

Pusungane den 23. Juli 2012

 

De vaks til og blei nokre små krabatar som sprang rundt ute, men de hadde eit lite problem. De hadde betennelse på augene heile gjengen, så me måtte vaske dykk rundt augene for at de skulle få til å opne dei. Det vaks de heldigvis av dykk, og vart fine friske kattungar heile gjengen.

Så begynte de å bli klare til å få eigne familiar, Junior flytta til Hauso og bytte namn til Tordis, og der bur ho fortsatt, Oransje bytte namn til Jerry og flytte hos nokre polakkar i Herand, dei har flytta vekk no, og dei tok han med seg, men eg veit ikkje kor. Mens du blei buande heime hos oss, den nydligaste av alle kattane, men du blei alikavel valt sist, rart det der. Men heima hos oss trivdes du nok, her hadde du oss og mor di og nabokattane og naboane som alle var(OG ER) veldig glade i deg. Du hadde to heimar, og var alltid velkommen begge stader.

Du pleide alltid å følge etter oss når me gjekk på tur, men fort det gjekk du ikkje. Du kom vanligvis diltande etter, og du begynte å jamre når me gjekk for langt i frå deg. Eg pleide å syntes det var litt irriterande, for då måtte eg alltid passe på at du blei med heim att. Så det hendte at eg sneik meg ut, eller begynte å springe for at du ikkje skulle følge etter meg. Men kva skulle eg gitt for at du skulle bli med meg på tur i dag? ALT.

I går rett før eg skulle legge meg i går fekk eg høyra at Elsa hadde ringt og sa at du låg utforbi hos dei, og at du var sjuk. Me gjekk ut for å hente deg, og når me kom der såg me deg ligga heilt i ro i ein veldig unaturlig stilling. Jon sa han trudde du var død, men etter å ha klappa deg litt kjente eg at du hadde litt puls. Eg løfta deg opp og la deg i eit teppe, då lagde du nokre lydar, det høyrdes ut som om du hadde det vondt. Me bar deg heim, og når me la deg på golvet i gangen såg me med ein gong at du var død. Den nydelige kvite katten min låg død på golvet, med munnen open og med kalde auger. Eg braut saman i gråt, og holdt rundt deg, eg ville ha deg tilbake! Eg la deg i ein kasse og sette deg innpå vaskerommet, håpte at du med eit under ville vakne.

råtto2

15. Juni 2013

 

I dag vakna eg og sto opp, men du låg der fortsatt, livlaus. Eg kunne gå ut den vanlege døra, uten å vera redd for at du skulle følge meg ned til bussen. Eg slapp å gå kjellarvegen, men var ikkje glad for det, eg saknar deg pusen min <3

R.I.P. puselusen min, return if possible..

des 182012
 

Dei som kjenner meg veit at eg er ganske skeptisk til bruk av sosiale media. Eg har derimot konkludert med at ein konto på Twitter ikkje er noko problem så lenge den ikkje blir brukt til å formidla personleg informasjon.

Eg har installert eit program som automatisk legg til ein ny «tweet» på twitterkontoen min når eg legg ut eit nytt innlegg på haustveit.net.

Eg ser for meg at dette kan vera ein fordel dersom eg begynner å bruka bloggen min litt meir aktivt. Det blir enklare for folk å følgja med etter kvart som eg legg ut nye artiklar.

Målet er først og fremst å nytta bloggen til formidling av tekniske artiklar om forskjellige emne eg interesserer meg for, og som eg kan litt om.

mar 012012
 

The killers er eit heilt fantastisk bra band frå Las Vegas(Nevada). Det vart danna i 2001 av Brandon Flowers(vokal) og Dave Keuning(gitar). Mark Stoermer(bass) og Ronnie Vannucci Jr.(trommer) vart med i 2002.

Dave, Brandon, Mark og Ronnie

Dei har gitt ut 3 studioalbum Hot Fuss(2004), Sam’s Town(2006) og Day & Age(2008). Dei kjem sansynligvis med sitt 4. studioalbum i 2012.

Brandon

Det er vanskelig å velge favorittsangar, fordi The Killers har så utrulig mange brae, men her er nokre anbefalte sangar:

  • Smile like you mean it
  • Neon Tiger
  • Tranquilize
  • Read my mind
  • Sombody told me
  • A Dustland Fairytale

 

okt 272011
 

Bon Jovi er verdas beste band!!

Dei er utrulig kule, og har ekstremt mykkje bra musikk 🙂

Dei beste sangane deira er:

  • Everyday
  • Always
  • In these arms
  • Have a nice day
  • Keep the faith

Dei har sjølvsagt mange andre bra sangar og , men det er favorittane mine 😀

Always <3

 

Have a nice day 😉

 

In These Arms 🙂

 

sep 022011
 

4H-prosjektet mitt i år er fotografering, Her er nokre av bileta eg har tatt i år 🙂

Buster 😛

Snøsokk, nabokatt 🙂

Ana nabokatt, desverre vekke 🙁

Risa

Middelhavet

Blomar 🙂

Blom 😀

Sommarfugl 😀

aug 152011
 

Torsdag 11. August – Søndag var det smedfestival i Odda.

Smedar frå Norge, Sverge, Danmark, Finland, Island og Tsjekkia kom.

Det var bl.a. Nordisk meisterskap i Smiing, der var det kun Norge, Sverge og Finnland som var med. Dei hadde 4 timar på å laga eit dørhandtak, Sverge vann.

Det Finske bidraget.

Det Finske bidraget.

Det Svenske bidraget.

Det Svenske bidraget.

Eg har dessverre ikkje bilete av det norske bidraget.

jun 242011
 

Her på bruket har me ein tradisjon på jonsokk, då samlest ein del haustveitingar + nokre hausoingar ved nauste vårt og griller

Det kulaste er at me brenner bål med mange øydelsgte tre-pallar + litt anna rusk og rask og ei heks på toppen 🙂

Heksa lager me med gamle kle + som vert stappa fulle med avispapir(har pleid å brikt torrhøy, men no har me slutta med sau, og har derfor ikkje torrhøy) som me bitte saman med skytestreng på eit trekross, dritkult!!!!! 😀

Heksa på bålet

nærbilde av fjeset hennar

Bålet brenner

Det raste desverre før heksa tok fyr 🙁

Heksa er most 🙁

bålet har tatt skikkelig fyr 😀

Borsett frå at bålet velta vart det ein vellykka kveld, det kom 19 stykk 🙂 Men det var mange som vanligvis kjem som ikkje kom 🙁

Gleder meg til neste år 😀