mai 052011
 

Den 5 mai 2011 var det arrangert demonstrasjon mot datalagringsdirektivet på Torgallmenningen i Bergen.

Demonstrasjonen var ironisk nok annonsert på Facebook (eg fekk høyra om demonstrasjonen frå ein kamerat). Været var forholdsvis fint, men det var tydelegvis ikkje nok til å sørgja for at folk stilte opp. Eg talde ikkje nøyaktig, men trur ikkje det var mykje over 50 personar som deltok.

Demonstrasjonen blei heller ikkje ein langvarig aktivitet, etter ein kort marsj frå «den blå steinen» og eit lite stykke nedover Torgallmenningen, blei det holdt nokon korte talar før demonstrasjonen brått blei avslutta. Talarane hadde ein liten megafon for å forsøkja å spreia bodskapet sitt, men den var på langt nær god nok. På tross av at det var lite folk så var det vanskeleg å høyra kva som blei sagt.

Det heile virka dårleg organisert og meir som eit russearrangement enn ein seriøs demonstrasjon. Sjølv om eg trur initiativet var godt meint så må det nok meir til enn dette dersom me skal klara å vinna kampen mot DLD.