jun 152011
 

Eg og Eirik har begynt å lage ein Haustveit versjon av favorittspelet mitt GNUjump, som me kaller HaustveitHOPP. det går ut på det samme, men me har bytta ut figurane med meg, Håvard, Eirik og Buster.

Spelet går ann å spela, men er ikkje heilt ferdig, me har bl.a. oversetting igjen, så me kan ikkje legge ut spelet for nedlasting enda.

Slik ser menyen ut

Slik ser det ut når ein speler

Slik ser figurane ut

Her er det bilder av korleis spelet ser ut no, de som har spelt GNUjump/berre har peiling på design ser at det er ein del me bør forandra på.

jun 132011
 

Sidan me ennå ikkje er ferdige med sneglegjærde, må me gå å salte sneglar.

Før

nett etter

Etter ei lita stund

Litt seinare

etter ei stund

etter ca 30 min

Slik forandrer sneglen seg.

jun 022011
 

Vinskvetten er det einaste bandet som eg med sikkerhet kan sei at alle i familien liker 🙂 Det kjem kansje litt av at mammo er stril og pappen halvt stril, så eg og brødrene mine er 3/4 stril 😀

Vinskvetten(eller Salhusvinskvetten) vart opretta i 1975 på ein revy der dei parodierte Salhuskvintetten.

kjelde: http://www.tradebit.com/filedetail.php/80329051-da-sa-det-var-forbi-bi-bi

Vinskvetten består av:

  • Bjørn Jensen (Bertel), gitar og vokal
  • Gunnar Låstad (Ruball), bass og vokal
  • Arild Totland (Belbert), trommer og vokal
  • Jarle Farestveit (Hallstein), trekkspill og vokal
  • Øyvind Østerbø,(Øyvind) gitar og vokal
  • Gunnar Polden, lys- og lydtekniker

Tidligare medlemer:

  • Steinar Toft
  • Finn Langeland
  • Knut Langeland
  • Stein Langeland
  • Bjørn Ivar Rusten
  • Kjell Østerbø
  • Roald Tellevik

Favorit sangane våre er:

  • Gunhild: Sme Ola løo
  • Eirik: Fergebillitøren
  • Håvard: Tannlegen

Anbefaler alle som ikkje allereie høyrer på dei å begynna med det 🙂

jun 022011
 

GNUjump er eit spel som går ut på å hoppa oppover i eit tårn, der du aldri kjem til tops.                                   Det er om å gjera å koma høgast mulig.                                                                                                       Spelet er veldig likt eit meir kjent spel som heiter Icy Tower, berre litt vanskeligare.

Du styrer ein vill fyr som er sjukt vanskelig å styra, men det er den utfordringen som gjer spelet kjekt 😀

Du kan spela multiplayer med vennene dine 😀

Eg har spelt dette spelet som eit tidsfordriv, for eksempel då eg venta på å få oppgåvene til tentamenane eg hadde i vår, og derfor har eg fått mykje høgare highscore enn det dei fleste greier. Viss du ikkje har spelt mykje greier du vanligvis ikkje meir enn 20.

Eg er John Petter 😛

Du kan og velge andre figurar og bakgrunnar 😀

Eg vil anbefale alle å prøve dette spelet 🙂

Link til sida til spelet: http://gnujump.es.gnu.org/index.php/Main_Page

jun 022011
 

Me har fått jorbæråker, på dei åkerane me hadde før sleit me med sneglar, så no skal me laga eit straumgjerde for å holde dei vekke.

Det skal være ca 7 cm høgt, og ha ein streng rundt seg med 24 volt spenning i. så kan ikkje sneglane kome seg inn 😀

her er gjerdet, strengen har ikkje kome på enda

slik ser ein snegle ut, for dei som ikkje viste det

Det skal væra ein spenning på 24 volt i gjerde

jun 022011
 

det er eit bgilete av eit kart, derfor ikkje veldig god kvalitet

her er eit kart over vegane og skogsvegane på Haustveit.

jun 022011
 

litt oppi lia på haustveit ligg det ein lavo, den vart byggd i 2008 av Solgull 4H

Lavoen skulle egentlig ligge ca 15 meter frå håhaugsteinen, men så kom nokre arkeologar frå Bergen og fann nokre gaaaaaaaaaaaaaaamle steinøkser, og nekta oss å bygge den. Me hadde berre lagd grunn støypinga, men det var alikavel surt å måtte flytte den

Me flytta lavoen litt lenger oppi lia, og byggde den ferdi der.

Link til den på godtur.no: http://www.godtur.no/godtur/nyartikke/dbarticle_preview.aspx?id=4804

lite oppdatert heimeside: http://home.online.no/~jhaustv/lavvo.cfm

lavoen er med i miljøløftet til 4H

lite brukt utedo, rett over vegen frå lavoen

lavoen 😀

mai 182011
 

Det som er merka raudt er Sørfjorden

Sørfjorden i Hardanger er 38 kilometer lang, den går frå Trones og Kyrkjenes til Odda som er inst i fjorden.

mai 182011
 

No er fruktbløminga nesten ferdig, men det er forsatt ein del epleblomar igjen 🙂

Morellebløming

Plommebløming

Eplebløming

Eit blide frå kvar av tretypane me har, untatt pære, fordi me berre har eit tre og det ikkje blømer så mykje 😀

Det er forsjellige blomar for ulike typar epletre/plommetre/morelletre, men eg la berr ut eit bilete frå kvar.

mai 162011
 

Her er slektstreet vårt 😀
slektstavle(pdf 862,2 KB)

Eg lagde dette slektstreet då me lagde Sjølvbiografi på skulen tidligare i år. Eg fekk god hjelp av Onkel Dag med slekta på morsida 😀

For dei som lurte fekk eg 6 på slektstreet og 5 på sjølvbiografien tilsaman 😀