jul 112012
 
Trollauge type EM11.

Trollauge type EM11.

Trollauge eller katodestråleindikatoren er eit spesielt vakuumrøyr som tidlegare var mykje brukt som tuningsindikator i radioar. Røyret vart også nytta i ein del andre elektroniske apparat som hadde behov for ein indikator.

Som du ser på biletet over er det eit område med skugge(det grøne lyset er ikkje så sterkt der). Storleiken på dette området kan varierast og det er dette som vert nytta som indikator.

Trollauga vart oppfunne av Dr. Allen B. DuMont i 1937. Røyret erstatta den tidlegare nytta neon lampa(tuneon) og forskjellige visarinstument som tuningindikator.

Prinsipp og oppbygging

Trollauge type 6E1P.

Trollauge type 6E1P.

Røyret består av ein spesiell displayanode som er dekt med eit stoff som avgjer lys når det vert treft av elektrona frå katoden. Ein styreelektrode er utført slik at den kan deflektera elektrona, slik at dei kun treff delar av anoden. Det er spenningsdifferansenmellom anoden og styreelektroden som avgjer kor stort skuggeområde som oppstår.

 

 

 

 

Verkemåte

Koplingsskjema trollauge

Koplingsskjema trollauge type EM 84.

Begge komponentane i den blå firkanten er pakka inn i same fysiske røyr.

Røyret består av to hovuddelar, ein «vanleg» triode(forsterkartrioden) og  displaydelen som kanskje kan kallast ein tetrode. Styreanoden(deflektoren) til «displaytetroden» er vanlegvis internt kopla til anoden på forsterkartrioden. Displayanoden(målanoden) vert vanlegvis kopla direkte til B+, anoden til forsterkartrioden vert vanlegvis kopla til B+ gjennom ein resistans på f.eks 1MΩ. Styregitteret til forsterkartrioden vert kopla til det signalet som skal idikerast på røyret. I radiosamanheng er dette vanlegvis AGC krinsen.

Dersom spenninga inn på styregitteret til forsterkartrioden er 0 volt vil det gå ein forholdsvis stor straum gjennom trioden. Dette fører til høgt spenningsfall over anoderesistansen, spenninga på anoden til trioden og styreanoden til displaytetroden vert lågare enn spenninga på displayanoden som er kopla direkte til B+. Dette fører til at elektron vert deflektert frå styreanoden og me får eit stort skuggeområde på displayet.

Dersom me reduserer spenninga(tilfører negativ spenning) til styregitteret på forsterkartrioden vil anode-katode straumen verta mindre. Spenningsfallet over anoderesistansen minkar og spenninga på styreanoden aukar(den vert nærmare spenninga på displayanoden). Detter fører til mindre defleksjon og eit mindre skuggeområde på displayet.

Det vert ofte nytta teiknesymbol der ein sirkel inneheldt alle elektrodane. Det kjem då klarare fram at dei er i same fysiske innpakning. Eg meiner dette er ein betre metode, men teikneprogrammet eg nytta til koplingsskjemaet over hadde ikkje eit slikt symbol i biblioteket.

EM84 Teiknesymbol.

EM84 Teiknesymbol.

1- Styregitter forsterkartriode.
3 – Katode.
4 og 5 glødetråd.
6 – Displayanode.
7 – Deflektor.
9 – Anode for forsterkartriode.
2 og 8 er ikkje i bruk.

 

Vanlege typar

EM34
Dobbel skugge, dvs 2 styreelektrodar. Anodespenning på 200V og 0 til -12V for full indikering. 6,3 volt glødespenning. Introdusert i 1946.
Nytta mellom anna i ein Radionette Symfoni AM-radio og ein Jubileumssuper AM/FM-radio som eg har liggande.

EM84
Enkel skugge. 250 volt anodespenning og 0 til -22V styresignal for full indikering. 6,3 volt glødespenning.

6U5
Enkel skugge. 250 volt anodespenning og 0 til -22V styresignal for full indikering. 6,3 volt glødespenning.

1629
Enkel skugge. 250 volt anodespenning og 0 til -8V styresignal for full indikering. 12,6 volt glødespenning.

EM11
Dobbel skugge. 250 volt anodespenning og 0 til -4V gitterspenning for full indikering. 6,3 volt glødespenning. Introdusert i 1939.

Andre namn
Røyret har fått mange forskjellige namn på engelsk, her følgjer nokre av dei vanlegaste: magic eye, cat’s eye, tuning eye, electron ray tube, catode ray tube og cathode ray indicator.

Kjelder

http://en.wikipedia.org/wiki/Magic_eye_tube
http://www.vacuumtube.com/eyetubes.htm
http://www.magiceyetubes.com/

 

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel