Amatørradio

 

Amatørradioverksemda går ut på at du ved å ta ein lisens får tildelt eit kallesignal og tilatelse til å bruka eit stort antall radiofrekvensar med høve til å senda med forholdsvis høg effekt.

I Noreg er det NRRL(Norsk Radio Relæ Liga) som har hovudansvaret for amatørradioverksemda.

På denne seksjonen av haustveit.net har eg planar om å skriva litt om dei forskjellege prosjekta eg arbeider med i forbindelse med amatørradio.

Dersom du vurderer å ta lisens så er kanskje ikkje dette den rette plassen å begynna å lesa, eg anbefaler å begynna med å kontakta den nærmaste lokale gruppa av NRRL, eventuelt NRRL sin nettstad.

Sjølv tok eg nyleg lisensen etter eit kurs i regi av Bergensgruppa og fekk tildelt kallesignalet LA2KTA.

Bergensgruppa sin nettstad: http://www.la1b.no