Eirik Haustveit

Elkraftingeniør med stor interesse for faget. Interessert i politikk, filosofi, og har ein spesiell forkjærlighet for gamal elektronikk. Skremt av den tilsynelatande passive haldninga til utviklinga av overvakingssamfunnet.

aug 182017
 

Eg er neppe aleine om å bli irritert når eg les kommentarfeltet i dagens nettaviser, det er så mange demonstrasjonar av total mangel på refleksjon. Eg får veldig lyst å gi tilsvar. Problemet er berre at eg ikkje får kommentert utan å bryta med eit grunnleggande prinsipp, ved å melda meg inn i overvakingsnettverket facebook.

Deltagelse i debatten rundt masseovervaking er ikkje enkelt uten å sjølv bli ein del av problemet. Det største problemet er slik eg ser det ikkje myndigheiter eller private bedrifters vilje til å implementera masseovervaking, men heller vanlege folks vilje til frivillig å melda seg inn i slike nettverk.

No er det ikkje slik at eg nødvendigvis ser på kommentarfelt i nettaviser som ein viktig arena for samfunnsdebatten, men sentraliserte sosiale media generelt har blitt ein svært viktig arena for utveksling av meiningar, og i så alt for mange tilfelle falske påstandar. Ei anna svært viktig utfordring er sensuren som mange slike nettverk utfører på dei meiningane som formynderiet ser seg usamde i.

Det skal ikkje mykje arbeid til for å finna alternative tekniske løysingar som lar brukaren kommunisera privat, dei er gjerne ikkje like brukarvennlege, men det er prisen ein må betala for privatliv. Internett var heller aldri meint for sentralisering, men det er gjerne meir eit spørsmål om kva som reint teknisk er det beste løysinga.

Det er enkelt å vera idealist så lenge det ikkje medfører noko personleg ulempe, men eg opplever ofte at ved den minste form for ulempe så forsvinn all vilje til å stå for det ein eigentleg meiner (eller det ein eigentleg bør meina). Eg trur ikkje folk som har reflektert over problemet meiner at overvaking er greit, eg trur det er latskap (eller manglane vilje til å ofra noko) som er problemet.

Demokrati er ikkje ein naturlov, eller konstant tilstand i samfunnet. Ein må heile tida arbeida for å vedlikehalda og oppretthalda demokratiet. Mangel på kunnskap og refleksjon er nok her ein mykje større trussel enn masseovervåking, men eg trur overvakinga utbreiar seg som ein konsekvens av den manglande refleksjonen. Når det ikkje lenger er mogleg å ha politiske meiningar utan at myndigheiter eller private selskap har innsyn i meiningane, så vil det av desse institusjonane bli iverksatt tiltak for å motarbeida meiningar som ikkje passar overeins med deira verdsbilete. Det er då demokratiet bryt saman.

Til sist så vil eg berre legga til at slik eg ser det, så er sosiale media som er meint for offentleg deling av informasjon (til dømes Twitter, eller github), ikkje ein fullt så stort problem. Det gir ikkje meining og snakka om overvaking av informasjonen du bevisst ynskjer å dela offentleg. Det er likevel ein risiko for sensur, ved at dine innlegg blir hold skult for andre, eller at din kjeldekode blir manipulert utan at du oppdager det. Dei er også sentraliserte system, med dei utfordringane det medfører.

Appendix
For dei som lurar på kva alternativ ein eigentleg har til Facebook, snapchat, dropbox, etc. så har eg laga ein appendix med nokre av dei programma eg bruker:

https://tox.chat/ – For komminikasjon med tekst, tale og video. Eller for å senda filar.
https://syncthing.net/ – For synkronisering av filar mellom fleire datamaskiner, desentraliser og kryptert alternativ til Dropbox.

https://protonmail.com/ – Alternativ til Gmail med klientsidekryptering. (denne er sentralisert, og har også nokre tekniske utfordringar med tanke på tryggleik som eg vonar dei vil utbetra i framtida).

https://bitcoin.org/en/bitcoin-core/ – Anonym betalingsløysing utan sentral kontroll.
https://www.ethereum.org/ – Alternativ anonym betalingsløysing med støtte for kontraktar.

https://www.minds.com/ – Alternativ til Facebook. Denne har eg ikkje hatt behov for å ta i bruk enda.

Kan ellers anbefala eit søk på: http://alternativeto.net/, etter alternativ til dei programma du allereie bruker. Hugs at programmet må vera «open source» for å kunna garantera at det ikkje implementerer overvaking.

okt 052013
 

For å ta eit bilete av skjermen kan ein i dei fleste operativsystem nytta knappen «Print Screen». Dette genererer eit bilete av heile skjermen og legg dette biletet i utklippstavla. Dersom ein berre ynskjer ein liten del av skjermen må ein redigera biletet manuelt i ettertid.
 
For å gjera dette litt enklare kan ein nytta eit program som lar brukaren markera delar av skjermen, eller kun tar bilete av det aktive vindauget. Her fylgjer ein oversikt over nokre program som er utvikla for dette formålet. Som vanleg er eg kun interessert i program med open kjeldekode og ein fri lisens.

Les meir >>