mar 052011
 
SPA 8000

SPA 8000

Cisco SPA8000 er ein analog til IP gateway som me kan bruka for å kopla analoge telefonar til eit IP basert telefonsystem.

Eg bruker ein SPA 8000 for å kopla ein del av telefonane mine mot eit asterisk basert IP-telefonsystem som eg har installert.

Eit litt meire interessant bilete, av baksida med alle tilkoplingane:

SPA 8000 bakside

Den har 8 analoge inngangar der me kan kopla til telefonar, det er mogleg å kobla til telefonane ved hjelp av RJ11 kontaktar eller alternativt med ein 50 pin centronix kontakt. Den blir kopla til IP nettverket med ein vanleg 8P8C kontakt og har ein aux tilkopling for administrasjon. All administrasjon blir gjennomført med eit web basert konfigurasjonsverktøy, og der får me tilgang til å tilpassa det aller meste ein kan ha behov for.

Den har ein forholdsvis støyande vifta så det er ikkje ideelt å plassera den i rom der folk oppheld seg.

Eg kjem tilbake med meir om korleis eg har installert mitt system seinare.