aug 182017
 

Eg er neppe aleine om å bli irritert når eg les kommentarfeltet i dagens nettaviser, det er så mange demonstrasjonar av total mangel på refleksjon. Eg får veldig lyst å gi tilsvar. Problemet er berre at eg ikkje får kommentert utan å bryta med eit grunnleggande prinsipp, ved å melda meg inn i overvakingsnettverket facebook.

Deltagelse i debatten rundt masseovervaking er ikkje enkelt uten å sjølv bli ein del av problemet. Det største problemet er slik eg ser det ikkje myndigheiter eller private bedrifters vilje til å implementera masseovervaking, men heller vanlege folks vilje til frivillig å melda seg inn i slike nettverk.

No er det ikkje slik at eg nødvendigvis ser på kommentarfelt i nettaviser som ein viktig arena for samfunnsdebatten, men sentraliserte sosiale media generelt har blitt ein svært viktig arena for utveksling av meiningar, og i så alt for mange tilfelle falske påstandar. Ei anna svært viktig utfordring er sensuren som mange slike nettverk utfører på dei meiningane som formynderiet ser seg usamde i.

Det skal ikkje mykje arbeid til for å finna alternative tekniske løysingar som lar brukaren kommunisera privat, dei er gjerne ikkje like brukarvennlege, men det er prisen ein må betala for privatliv. Internett var heller aldri meint for sentralisering, men det er gjerne meir eit spørsmål om kva som reint teknisk er det beste løysinga.

Det er enkelt å vera idealist så lenge det ikkje medfører noko personleg ulempe, men eg opplever ofte at ved den minste form for ulempe så forsvinn all vilje til å stå for det ein eigentleg meiner (eller det ein eigentleg bør meina). Eg trur ikkje folk som har reflektert over problemet meiner at overvaking er greit, eg trur det er latskap (eller manglane vilje til å ofra noko) som er problemet.

Demokrati er ikkje ein naturlov, eller konstant tilstand i samfunnet. Ein må heile tida arbeida for å vedlikehalda og oppretthalda demokratiet. Mangel på kunnskap og refleksjon er nok her ein mykje større trussel enn masseovervåking, men eg trur overvakinga utbreiar seg som ein konsekvens av den manglande refleksjonen. Når det ikkje lenger er mogleg å ha politiske meiningar utan at myndigheiter eller private selskap har innsyn i meiningane, så vil det av desse institusjonane bli iverksatt tiltak for å motarbeida meiningar som ikkje passar overeins med deira verdsbilete. Det er då demokratiet bryt saman.

Til sist så vil eg berre legga til at slik eg ser det, så er sosiale media som er meint for offentleg deling av informasjon (til dømes Twitter, eller github), ikkje ein fullt så stort problem. Det gir ikkje meining og snakka om overvaking av informasjonen du bevisst ynskjer å dela offentleg. Det er likevel ein risiko for sensur, ved at dine innlegg blir hold skult for andre, eller at din kjeldekode blir manipulert utan at du oppdager det. Dei er også sentraliserte system, med dei utfordringane det medfører.

Appendix
For dei som lurar på kva alternativ ein eigentleg har til Facebook, snapchat, dropbox, etc. så har eg laga ein appendix med nokre av dei programma eg bruker:

https://tox.chat/ – For komminikasjon med tekst, tale og video. Eller for å senda filar.
https://syncthing.net/ – For synkronisering av filar mellom fleire datamaskiner, desentraliser og kryptert alternativ til Dropbox.

https://protonmail.com/ – Alternativ til Gmail med klientsidekryptering. (denne er sentralisert, og har også nokre tekniske utfordringar med tanke på tryggleik som eg vonar dei vil utbetra i framtida).

https://bitcoin.org/en/bitcoin-core/ – Anonym betalingsløysing utan sentral kontroll.
https://www.ethereum.org/ – Alternativ anonym betalingsløysing med støtte for kontraktar.

https://www.minds.com/ – Alternativ til Facebook. Denne har eg ikkje hatt behov for å ta i bruk enda.

Kan ellers anbefala eit søk på: http://alternativeto.net/, etter alternativ til dei programma du allereie bruker. Hugs at programmet må vera «open source» for å kunna garantera at det ikkje implementerer overvaking.

okt 052013
 

For å ta eit bilete av skjermen kan ein i dei fleste operativsystem nytta knappen «Print Screen». Dette genererer eit bilete av heile skjermen og legg dette biletet i utklippstavla. Dersom ein berre ynskjer ein liten del av skjermen må ein redigera biletet manuelt i ettertid.
 
For å gjera dette litt enklare kan ein nytta eit program som lar brukaren markera delar av skjermen, eller kun tar bilete av det aktive vindauget. Her fylgjer ein oversikt over nokre program som er utvikla for dette formålet. Som vanleg er eg kun interessert i program med open kjeldekode og ein fri lisens.

Les meir >>

aug 042013
 

iperf er eit enkelt program for måling av nettverksytelse. Programet fungerer ved at ein startar ein tenar i eine enden av linken som skal testast. I den andre enden startar ein programmet i klientmodus og genererer trafikk til tenaren. Programmet er ikkje begrensa til ein lokalt nettverk, men kan fint brukast over internett.

Les meir >>

jan 042013
 

Virtuelt nettverksgrensesnitt i Debian GNU/Linux. Dersom du har behov for to, eller fleire IP-adresser på ei datamaskin med kun eit fysisk grensesnitt. Er eigentleg ikkje virtualisering, manualen beskriv grensesnitta som «alias» til det overordna fysiske grensesnittet.

Må ikkje forvekslast med virtuell IP-adresse(VIP), der ei IP-adresse er delt mellom fleire vertar.

Les meir >>

des 282012
 

Nettverkskort

Nettverkskort med støtte for WOL


Wake-on-LAN (WOL) er ein ethernet standard for å kunna skru på ein datamaskin ved å senda ein kommando over nettverket. Eit alternativ Wake on Wireless LAN(WoWLAN) finnest for dei som nyttar trådlause nettverksgrensesnitt.

Som vanleg er hovudfokus korleis dette kan nyttast i GNU/Linux, primært Debian. Mykje av informasjonen er derimot generell og relevant uavhengig av operativsystem.

Les meir

des 232012
 

Web Distributed Authoring and Versioning (WebDAV) er eit system ein kan nytta mellom anna til å montera ei mappe frå ein nettenar lokalt, og nytta den som ei vanleg mappe. WebDAV er ei utviding til Hypertext Transfer Protocol (HTTP). Det vert mellom anna nytta som eit alternativ til FTP for handtering av nettsider eller andre nettresursar. Denne guiden beskriv korleis ein nyttar WebDAV i Debian GNU/Linux, men mykje av informasjonen er relevant for andre operativsystem som støttar WebDAV.

Les meir >>

jul 312012
 

I denne artikkelen vil eg visa korleis ein kan nytta eit vakuumrøyr som ein elektronisk brytar. Me brukar med andre ord røyret i ytterpunkta av karakteristikken, når det leier best og når det sperrar heilt.

Dette er veldig uvanleg å nytta vakuumrøyret som brytar sidan andre komponentar som transistoren og tyristoren er overlegne på nesten alle område. Eg lager derimot denne artikkelen fordi eg meiner den vil vera ein god hjelp til å forså verkemåten til vakuumrøyret, i tillegg synest eg det er kult å kunna bruka vakuumrøyret til noko anna enn dei vanlege røyrforsterkarane ein finn i utallige variantar på nettet.

Les meir >>

jul 112012
 
Trollauge type EM11.

Trollauge type EM11.

Trollauge eller katodestråleindikatoren er eit spesielt vakuumrøyr som tidlegare var mykje brukt som tuningsindikator i radioar. Røyret vart også nytta i ein del andre elektroniske apparat som hadde behov for ein indikator.

Les meir >>