okt 052013
 

For å ta eit bilete av skjermen kan ein i dei fleste operativsystem nytta knappen «Print Screen». Dette genererer eit bilete av heile skjermen og legg dette biletet i utklippstavla. Dersom ein berre ynskjer ein liten del av skjermen må ein redigera biletet manuelt i ettertid.
 
For å gjera dette litt enklare kan ein nytta eit program som lar brukaren markera delar av skjermen, eller kun tar bilete av det aktive vindauget. Her fylgjer ein oversikt over nokre program som er utvikla for dette formålet. Som vanleg er eg kun interessert i program med open kjeldekode og ein fri lisens.

Shutter
Shutter kan ta bilete av eit markert område, det aktive vindauga, heile skjermen, den aktive skjermen i eit fleirskjermoppsett, m.m. Shutter har eit innebygd bilderedigeringsprogram for å gjera enkle endringar på skjermbileta. Som markeringa av viktige område, legga til tekst, eller sensurering av sensitive data.

Shutter er det programmet eg anbefaler for GNU/Linux.
http://shutter-project.org/

Greenshot
Greenshot har mange av dei same eigenskapane som Shutter. Greenshot er det programmet eg anbefaler for Windows.
http://getgreenshot.org/

Scrot
Scrot er eit meir minimalistisk verktøy for kommandolinja.
http://en.wikipedia.org/wiki/Scrot

Filming av skjermen
Dersom du ynskjer å laga ein film av dataskjermen finnest det mange alternativ. Dette kan f.eks vera nyttig dersom du ynskjer å forklara andre korleis dei kan bruka eit dataprogram.

Freeseer
Gitt ut under GPL og fungerer på både GNU/Linux, OSX og Windows.
http://freeseer.github.io/
http://en.wikipedia.org/wiki/Freeseer

Simple screen recorder
Eit enkelt program for GNU/Linux.
http://www.maartenbaert.be/simplescreenrecorder/

Camstudio
Camstudio er gitt ut under GPL og laga for Windows.
http://camstudio.org/

recordmydesktop
http://recordmydesktop.sourceforge.net/

  4 svar til “Programvare for å ta skjermbilete”

  1. Nyttig artikkel Eirik, du kunne nevnt programmet «scrot». Kommandolinje program for å ta skjermbilder, eg har brukt det mye under XMonad desktop oppsettet mitt.

    • Takk. Eg har lagt Scrot til som eit tredje alternativ.

      Me brukar Shutter og Greenshot i forbindelse med eit prosjekt på skulen. Tenkte det kunne vera greit å laga ein kort artikkel, har hatt gode erfaringar med desse programma.

  2. Hei Eirik!
    Jeg vil anbefale at du begynner å skrive på bokmål slik at det går an å skjønne hva du skriver 🙂
    Hilsen Kjetil

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel