mar 072011
HP ProLiant ML110 er ein server frå HP som eg kjøpte på komplett.no.
Den kjem med 250GB harddisk, 1GB ram og Intel Pentium G6950 prosessor. Eg kjøpte den fordi eg hadde behov for ein rimeleg filserver på heimenettverket, har seinare installert fleire harddiskar.
Eg køyrer Debian 5 som operativsystem, men vurderer å oppgradera til versjon 6 som kom ut nyleg.
Den køyrer stabilt og har hatt oppetid på fleire månader, einaste grunnane eg har hatt til restart er installasjon av nye harddiskar og blackout, eg har ikkje UPS.