The C Programming Language er ei bok om korleis ein bruker programmerinsspråket C. Boka er kjent for å vera ein av dei beste bøkene om C. Den er forfatta av Dennis Ritchie og Brian Kernighan, Dennis Ritchie er forøvrig mannen som laga sjølve språket.
Den første utgåva av boka kom ut i 1978. I 1988 kom det ei ny utgåva som var betre tilpassa den standardiserte varianten av C (ANSI C). Sjølv om den andre og siste utgåva av boka kom ut i 1988 så er den fortsatt aktuell og mykje brukt. Boka er originalt skrive på Engelsk, men er oversatt til fleire andre språk. Eg har den originale engelske utgåva.
Den er kjend som den boka som introduserte «Hello World» programmet som eit eksempel på det enklaste programmet du kan laga. Dette har seinare blitt brukt i veldig mange andre bøker og artiklar om programmering i mange forskjellige språk. Den har og ein del andre eksempel som eg kjenner igjen frå andre programmeringsbøker eg har lest.
Eg er ikkje lest heile boka enda, men er så langt fornøgd. Den er lett å lesa og bruker gode eksempel på programkode som i mange tilfelle kan nyttast i praktiske situasjonar.
Eg bestilte boka frå Amazon.com, samtidig med ein del andre bøker og fekk den tilsend frå USA i løpet av 2 veker.
Eksterne lenkjer: