mar 202011
 

Eg har installert eit webkamera i Bergen, som tar bilete og lastar dei automatisk opp til nettsida mi på: http://www.haustveit.net/webcam/bergen/webcam.jpeg

Creative webkamera

Kameraet eg bruker

Kameraet er av typen Creative Live Cam Sync og er kopla til ein NSLU2 som køyrer Debian GNU/Linux. Eg har installert programmet «webcam» som tar imot data frå webkameraet og overfører dei til haustveit.net via ftp.

Installasjon

Først må du installera Debian på NSLU’en, eg skal skriva ein anna guide til det seinare.

Alle nødvendige drivarar fulgte med installasjonen og blei lasta inn automatisk når eg kobla til kameraet.

For å installera «webcam»:
apt-get install webcam

Oppsettfila for programmet ligg ved lenger nede i detta innlegget og skal lagrast som .webcamrc i heimemappa til den brukaren «webcam» køyrer som.

Problemer

Eg hadde ein del problem med å få webkameraet til å fungera fordi NSLU’en har ganske lite minne, eg måtte stoppa ein heil del program og tenester før eg fekk til å ta imot bilete frå kameraet.

Eit anna problem er at kameraet har dårleg biletkvalitet og er veldig lysfølsomt. Når sola skin så er bileta nesten heilt kvite og når det er mørkt ute så er bileta nesten svarte. Det er derimot ikkje anna enn eg hadde forventa av eit kamera til 200 kr på Clas Ohlson. Eg har derfor lagt inn eit bilete i dette innlegget som viser korleis kameraet fungerer under forholdsvis gode forhold.

Eksempel på bilete frå kameraet:

Eksempelbilete

Eksempelbilete tatt i halv 7 tida om kvelden

Spesifikasjonar Webkamera:

VGA 640×480 CMOS sensor
30 fps ved oppløysningen 800×600
USB 2.0 tilkopling
USB-id: 041e:406c

Oppsettfil til «webcam»:

[grab]
device = /dev/video0
text = "NSLU2 webkamera %d-%m-%Y %H:%M:%S (Lokal tid)"
# infofile =
fg_red = 255
fg_green = 0
fg_blue = 0
width = 640
height = 480
# delay = tida mellom kvart bilete
delay = 1800
wait = 1
input = Camera 1
rotate = 0
top = 0
left = 0
bottom = -1
right = -1
quality = 100
trigger = 0
once = 0
[ftp]
host = ftp.dittdomene.com
user = brukanamn@dittdomene.com
pass = xxxx
dir = /
file = webcam.jpeg
tmp = uploading.jpeg
passive = 1

 

Eksterne lenkjer:

http://linuxcommand.org/man_pages/webcam1.html

http://www.nslu2-linux.org/

  2 svar til “Webkamera”

  1. Les hele bloggen, ganske bra

    • Takkar. Eg har det ganske travelt på skulen for tida så eg får ikkje gjort så mykje med bloggen, men set pris på at du liker det eg har fått gjort så langt.

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel