mar 242011
 

Debian GNU/Linux

I forbindelse med at eg installerte eit webkamera til denne nettstaden som blir styrt av ein NSLU, så fann eg ut at eg skulle byta operativsystem på NSLU’en til Debian. Debian GNU/Linux er ein Linux distribusjon som er kjend mellom anna for god stabilitet og tryggleik. Eg har tidlegare køyrt eit operativsystem som heiter SlugOS/BE, men på grunn av problemer med drivarar mellom anna til webkameraet mitt så har eg valgt å byta til Debian.

Den største ulempa med Debian over SlugOS er at Debian krever litt meir systemresursar og det er begrensa med resursar på NSLU’en.

NSLU2

NSLU2 – Network Storage Link for USB 2.0 Disk Drives

Før du prøver å følgja denne installasjonsguiden er det ein fordel at du har ein PC som køyrer ein eller anna form for Linux eller UNIX og at du har rimeleg god kjennskap til bruk av terminalen. Du treng dessuten ein minnepinne til å installera systemet på og sjølvsagt ein NSLU. Eg bruker ein minnepinne på 4GiB og det er meir enn nok for mitt bruk.

Eg begynte med å lasta ned ein installasjonsfil for Debian på: http://www.slug-firmware.net/d-dls.php(4,7MiB).
Dette er ikkje ein offisiell installasjonsfil og det er heller ikkje den nyaste versjonen av Debian. Det er derimot sannsynlegvis enklare å bruka denne filen enn ein av dei offisielle da denne er spesialtilpassa for NSLU’en.

For å overføra operativsystemet til NSLU’en treng du programmet upslug2.

I Debian eller Ubuntu: apt-get install upslug2

For andre distribusjonar så finn du det mest sannsynleg i pakkebehandlaren der og.

Oppgraderingsmodus:
Før du kan overføra det nye operativsystemet til NSLU’en så må du setta den i oppgraderingsmodus.

  • Skru den av og dra ut alle USB kontaktar.
  • Trykk og hold inne reset knappen på baksida av boksen.
  • Skru den på
  • Vent i ca 10 sekund, til «ready/status» lampen skifter farge frå grøn til raud og slepp ut reset knappen umiddelbart.
  • Ready/status lampen blinker mellom grøn og raud og du er i oppgraderingsmodus.

Overføring av OS:
Pakk ut filen du lasta ned tidlegare og gå inn i mappa med filen via terminalen.
Køyr følgjande kommando:
sudo upslug2 -i di-nslu2.bin

Etter at overføringa er fullført så blir eininga start på nytt automatisk.

Installasjon:

Først kobler du til minnepinnen til USB1.

Køyr følgjande kommando for å logga på til installasjonsprogrammet:
ssh installer@192.168.1.2

Du må sjølvsagt bruka den IP-adressa du har spesifisert for din NSLU i staden for 192.168.1.2.

Når du har logga på via ssh så kjem du til eit grafisk installasjonsprogram og da er det berre å følgja instruksjonane på skjermen. Det vil da ganske lang tid å fullføra installasjonen, gjerne 3 – 4 timar da ein NSLU ikkje har så veldig god ytelse. Når du kjem til valet for kvar du skal installera systemet så må du velga å bruka den minnepinnen du har kobla til.

Etter at installasjonen er fullført så er det berre å installera dei programma du har behov for ved hjelp av apt.

Det finnest mange gode guidar og eksempel på engelske nettstader som viser kva du kan bruka ein NSLU til, sjå f.eks: http://nslu2guide.blogspot.com/

Andre nettstader:

For dei som er gode i engelsk så er dei ein mykje grundigare installasjonsguide på: http://www.cyrius.com/debian/nslu2/.

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel