apr 282011
 

I påskeferien så har eg bygd ei datamaskin basert på eit mini ITX kort frå Asus. Her vil eg skriva litt om korleis eg gjekk fram og kva resultatet blei. Kortet heiter ASUS AT5NM10-I og blei levert med prosessoren Intel Atom D510.

Mini ITX standarden seier at korta skal ha ein storleik på 17x17cm og det gjer det mogleg å bygga forholdsvis små datamaskiner. Prosessoren på det kortet eg har valgt har så lavt effektforbruk at eg klarer meg med passiv kjøling.

ASUS AT5NM10-I

ASUS AT5NM10-I

I tillegg til kortet så kjøpte eg ei RAM brikka på 1GiB, ein WD Scorpio 2,5″ harddisk på 500GB og eit ekstra nettverkskort da eg har planar om å bruka serveren som router.

Intel Pro 1000 GT

Intel Pro 1000 GT nettverkskort

Kraftforsyning:

Eg valgte ein vanleg ITX kraftforsyning på 120W. Eg kunne klart meg med mykje mindre enn det, men det var den minste eg fann.

Kabinett:

Eg valgte å laga kabinettet sjølv da eg ikkje fann noko eg var fornøgd med på den nettbutikken der eg bestillte dei andre delane til serveren. Eg bygde kabinettet i tre og skjerma innsida med nokon tynne metallplater. Eg lakkerte kabinettet med ein mørk trelakk.

Eg har framleis ikkje laga frontpanelet, men satser på å bruka ei metallplata der eg borer hol til diverse brytarar, lys og kanskje eit LC-display.

 

 

 

 

 

Halvferdig kabinett

 

Eg er ikkje heilt fornøgd med resultatet, men eg trur eg har lært noko og håper at det neste kabinettet eg byggjer blir betre.

 

 

 

 

Operativsystem og programvare:

Formatering av partisjonar.

Formatering av partisjonar.

Eg har installert debian 6, og SSH for fjernadministrasjon. Eg starta installeringsprogrammet frå ein USB minnepinne og lot installasjonsprogrammet lasta ned dei nødvendige ekstra pakkane frå internett. Eg valgte ein minimal installasjon, kun dei heilt essensielle pakkane i tillegg til SSH.

Meir informasjon om installasjonen av dei forskjellege tenestene serveren skal ha kjem i eit seinare innlegg.

Spesifikasjonar hovudkort:
Formfaktor: mini-ITX
Prosessor: Intel Atom D510 ( Dual-Core )
Brikkesett type: Intel NM10 Express
Minne
Maks støtta minne 4 GB
Støtta RAM-teknologi DDR2 SDRAM
Støtta RAM-hastighet 800 MHz, 667 MHz
Støtta RAM-integritetskontroll Ikkje-ECC
Grafikk
Grafikk-kontroller Intel GMA 3150
Lyd
Type HD-lyd (6-kanalar)
Audio Codec IDT 92HD73C
LAN
Nettverksgrensesnitt Gigabit Ethernet
Ekspansjon / Tilkoplingar
Ekspansjonsspor 2 x minne – DIMM 240-pin
1 x PCI
Lagergrensesnitt Serial ATA-300 – kontaktar: 2 x 7pin Serial ATA
1 x tastatur – generell – 6-pin mini-DIN (PS/2-stil)
1 x mus – generell – 6-pin mini-DIN (PS/2-stil)
1 x skjerm/video – VGA – 15-pin HD D-Sub (HD-15)
1 x seriell – RS-232 – 9-pin D-Sub (DB-9)
1 x parallell – IEEE 1284 (EPP/ECP) – 25-pin D-Sub (DB-25)
1 x nettverk – Ethernet 10Base-T/100Base-TX/1000Base-T – RJ-45
4 x Hi-Speed USB – 4 pin USB Type A
1 x lyd – line-out – stereo minijack 3,5 mm
1 x lyd – linje-ut (bakside)/linje-inn – stereo minijack 3,5 mm
1 x lyd – linje-ut (senter/subwoofer-)/mikrofon – minijack 3,5 mm
Kraftforsyning: 4-pin ATX12V-kontakt, 24-pin ATX kontakt.

Nyttige lenkjer(Engelsk):

http://en.wikipedia.org/wiki/Mini-ITX
http://en.wikipedia.org/wiki/Random-access_memory
http://en.wikipedia.org/wiki/Hard_disk_drive

http://www.aboutdebian.com/

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel