jul 172011
 

Pico-ITX er ein av dei minste stadardiserte utformingane av hovudkort som er tilgjengeleg. Korta har ein storleik på 10 × 7.2 cm.

EPIA-P720-10

EPIA-P720-10

Eg har kjøpt eit EPIA-P720-10 kort, det har ein VIA Eden ULV prosessor og eit VX855 brikkesett. Kortet har gigabit nettverk, VGA og HDMI tilkopling. Ein PATA og ein SATA tilkopling for både gamle og nyare harddiskar. Den har dessuten ein heil rekke andre tilkoplingar som FPD-Link, UART og SMbus.
Kortet er designa for å vera viftelaust, VIA har fleire andre modellar med litt betre ytelse som kjem med vifte, men eg valgte denne modellen da eg vil ha minst mogleg støy frå kortet.

Kortet støtter opp til 2GB RAM, men eg har berre installert 1GB. For Linux trur eg 1GB er meir enn nok, CPU/GPU  er den begrensande faktoren i eit slikt kort.

Brikkesett:
Brikkesettet, eller «Media System Processor» som VIA kaller det, er av typen VX855. I tillegg til dei vanlege brikkesett oppgåvene tar denne brikka seg av grafikkprossesering og lyd.

P720 uten kjøleribba.

P720 uten kjøleribba.

P720 uten kjøleribba. Me ser at VX855 tar litt større fysisk plass enn prosessoren.

Dei første testane av kortet virker lovande, eg har køyrt Ubuntu og Linux Mint på kortet. Eg køyrte systema frå ein minnepinne, da eg venter på ein harddisk eg har i bestilling. Det gjekk fint å bruka systemet til vanleg internett surfing, men eg fekk ikkje til å spela av HD-film.

I følgje produsenten skal kortet ha støtte for full HD(1080p MPEG-2/4, WMV,  og H.264) i hardware. Eg skal forska vidare på dette når eg har tid, mulig eg må prøva med ein linux distro som har litt lavare systemkrav.

Eg planlegger å bygga eit spesialtilpassa kabinett for kortet, og dersom det lar seg gjera så vil eg bruka det som mediasenter PC.

Haustveit.net kjem attende med meir . . .

Spesifikasjonar:

Prosessor 1 GHz VIA Eden ULV
Chipset VIA VX855
RAM 1 DDR2 800/667 SO-DIMM
Opp til 2 GB minnestorleik
VGA VIA Chrome9 3D/2D AGP Integrated Graphics
Expansion Slots None
PATA(IDE) ATA 133 (2.0 mm 44-pin pin header)
Serial ATA 1 SATA (3 Gb/sec.) tilkopling
USB 6 USB 2.0
LAN 1 VIA VT6122 10/100/1000
Lydkort VIA VT1708B 8 channel HD codec
Tilkoplingar på baksida 1 HDMI port
1 VGA port
2 USB 2.0 portar
Tilkoplingar på kortet 1 SATA connector
1 USB 2.0 pin header for 4 USB 2.0 ports
1 Front panel/PS2 pin header
1 LPC/SMBus/GPIO pin header
1 LVDS pin header (single-channel LVDS panel)
1 Backpanel pin header
2 UART ports/VPC pin headers
1 Fan pin header
1 SATA power connector
1 Audio pin header: line-out, line-in, mic-in
1 +12 V DC-in 2-pin jack with lock
BIOS AMI BIOS 4/8 Mb flash memory
System Monitoring & Management Watchdog timer, Wake on LAN, Keyboard power on, Timer power on, System power management, AC power failure recovery
Temperaturområde 0°C ~ 60°C
Fuktigheit 0% ~ 95% (relativ fuktigheit)
Storleik Pico-ITX (10 x 7.2 cm)

Eksterne lenkjer:

http://en.wikipedia.org/wiki/Pico-ITX
http://en.wikipedia.org/wiki/EPIA
http://en.wikipedia.org/wiki/H.264

  2 svar til “Pico-ITX hovudkort”

  1. Skal du laga deg mediasenter no? Høyrde Rune hadde laga, har de kanskje samarbeida? Godt å sjå at da er nokon som oppdaterer sidene sine 😉

    • Tenkte eg skulle prøva på det ja. Har snakka med Rune, men me har ikkje samarbeida om prosjektet. Fekk ein SSD i posten for nokre dagar sidan som eg tur eg skal bruka til denne PC’en.

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel