jul 012012
 

Det har vore lite nytt på nettstaden/bloggen min i det siste. Eg arbeider for tida med ein del artiklar om høgspenningsteknikk som eg skal legga ut etter kvart som dei blir ferdige. Eg ser også litt på røyrteknikk og håper eg skal få laga nokon utfyllande artiklar om dette emnet.

Avfallspost, søppelpost eller bosspost?

Eg har hatt problem med mykje «spam» i kommentarfeltet på bloggen min. Eg har derfor installert eit tilleggsprogram til WordPress som gjer at ein må rotera nokre bilete i riktig retning for å få lov til å legga til ein kommentar. Kommentaren må framleis godkjennast av meg før den vert synleg for andre, dersom du ikkje tidlegare har lagt ut ein kommentar som har vorte godkjent. Programmet eller «innstikket» heiter Not Captcha og kan lastast ned frå følgjande nettside: http://wordpress.org/extend/plugins/wp-notcaptcha/

CAPTCHA er forøvrig ei forkorting for «Completely Automated Public Turing test to tell Computers and Humans Apart», og er eit generelt begrep brukt om system som skjekker om du er ei datamaskin, eller eit menneske. Det mest kjente eksempelet er bilete med forvrengt tekst, som ein finn ved registrering på mange nettstader. Eg har derimot erfart at enkelte spam robotar er i stand til å tolka desse bileta automatisk.

Ein Turing test er eigentleg ein test for å skjekka om ei datamaskin er i stand til å opptre intelligent, namngitt etter den britiske matematikaren Alan Turing. CAPTCHA er derfor ein omvendt Turing test.

Det nye anti-spam systemet ser ut til å fungera, men eg vil prøva det ut i nokre dagar til før eg er heilt overbevist.  Prøv gjerne ut det nye systemet ved å kommentera på dette innlegget.

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel