RONJA (Reasonable Optical Near Joint Access) er eit system for å oppretta ein 10Mbit duplex Ethernet link over eit optisk medium. Rekkjevidda er på opp til 1,4km.
Systemet er utvikla i Tsjekkia, av ein gruppa som kallar seg for Twibright Labs.
Eg synest dette er eit veldig interessant konsept og håper eg får høve til å bygga eit slikt system i framtida.
Fordelar over radio:
Sjølv om hovudargumentet mitt for å bygga systemet er at eg synest det er kult, så har systemet enkelte andre fordelar over radiokommunikasjon.
- Det eg mykje vanskelegare å avlytta enn radio, for å avlytta ein slik optisk link så må du ha ein detektor innanfor eit veldig smalt ommråde som lysstrålen ligg innanfor.
- Optisk kommunikasjon er ikkje påverka av dei same formene for støy, eller jamming som radiokommunikasjon er. Det kan derfor vera nyttig å bruka slike system der det allereie er mykje støy, f.eks i ei radiomast med for mange antenner.
- Det er ingen lisenskrav for å nytta lys som kommunikasjonsmedium.
Virkemåte:

Ein Ronja transceiver, kapslinga kan minna om eit overvakingskamera(Bilete frå ronja.twibright.com).
Sendaren nyttar ein kraftig lysdiode som sendar og ei linsa frå eit forstørringsglas til å fokusera lysstrålen. Mottakaren nyttar ein fotodiode som detektor. Når dioden blir utsett for lys, vil leia ein straum som er proporsjonal med lysstyrken. Sendaren og mottakaren blir kopla saman i ein boks(Twister) som har dei nødvendige kretsane for å kopla systemet mot nettverket.
I henhold til OSI modellen opererer RONJA kun i det fysiske laget og datalink laget.
For å oppnå kommunikasjon må ein naturlegvis ha to komplette einingar. To sendarar, to mottakarar og to einingar for å knytta dei opp mot resten av nettverket ditt.
Bygging:
Nettstaden ronja.twibright.com har all nødvendig informasjon for å bygga ein slik transceiver. Sjølv folk som har lite erfaring med elektronikk burde kunna klara å bygga ein slikt system, ved å følgja dei grundige instruksjonane.
Andre system:
Det finnest og ein del enklare system som nyttar lys, eller laser til å kommunisera. Desse systema inkluderer enkle analoge system som er meint for å overføra tale, eller morse. Enklare system med lavare bandbredde har klart å oppnå vesentleg betre rekkjevidde. Eg er usikker på kva som er rekorden, men eg har hørt om radioamatørar som har oppnådd kommunikasjon over ein avstand på 278 km.
Eksterne lenkjer:
http://en.wikipedia.org/wiki/RONJA
http://en.wikipedia.org/wiki/Free-space_optical_communication
http://en.wikipedia.org/wiki/Visible_light_communication
http://ronja.twibright.com/ – Nettstaden til dei som har utvikla RONJA.
http://www.modulatedlight.org/ – Mykje bra informasjon om andre optiske kommunikasjonssystem.
Bileta i denne artikkelen er distribuert under vilkåra i GNU Free Documentation License.
Spennande tema detta her Eirik. Har du planar om å kjøpa deg noe utstyr?
Lurer på det ja. Eg har sett litt på forskjellige lysdiodar og fotodiodar som kan brukast, så tenker eg bestiller det i første omgang.
Mulig eg begynner med å bygga ein transceiver for telefoni i første omgang. Kjekt å få litt meir erfaring med optisk kommunikasjon før eg begynner å bygga eit RONJA system.