jan 282012
 

RONJA (Reasonable Optical Near Joint Access) er eit system for å oppretta ein 10Mbit duplex Ethernet link over eit optisk medium. Rekkjevidda er på opp til 1,4km.
Systemet er utvikla i Tsjekkia, av ein gruppa som kallar seg for Twibright Labs.

Lysstrålen frå ein RONJA sendar.

Lysstrålen frå ein RONJA sendar(Bilete frå Wikipedia).

Eg synest dette er eit veldig interessant konsept og håper eg får høve til å bygga eit slikt system i framtida.

Fordelar over radio:
Sjølv om hovudargumentet mitt for å bygga systemet er at eg synest det er kult, så har systemet enkelte andre fordelar over radiokommunikasjon.

  • Det eg mykje vanskelegare å avlytta enn radio, for å avlytta ein slik optisk link så må du ha ein detektor innanfor eit veldig smalt ommråde som lysstrålen ligg innanfor.
  • Optisk kommunikasjon er ikkje påverka av dei same formene for støy, eller jamming som radiokommunikasjon er. Det kan derfor vera nyttig å bruka slike system der det allereie er mykje støy, f.eks i ei radiomast med for mange antenner.
  • Det er ingen lisenskrav for å nytta lys som kommunikasjonsmedium.

Virkemåte:

Ein Ronja transceiver, kapslinga kan minna om eit overvakingskamera.

Ein Ronja transceiver, kapslinga kan minna om eit overvakingskamera(Bilete frå ronja.twibright.com).

Sendaren nyttar ein kraftig lysdiode som sendar og ei linsa frå eit forstørringsglas til å fokusera lysstrålen. Mottakaren nyttar ein fotodiode som detektor. Når dioden blir utsett for lys, vil leia ein straum som er proporsjonal med lysstyrken. Sendaren og mottakaren blir kopla saman i ein boks(Twister) som har dei nødvendige kretsane for å kopla systemet mot nettverket.

I henhold til OSI modellen opererer RONJA kun i det fysiske laget og datalink laget.

For å oppnå kommunikasjon må ein naturlegvis ha to komplette einingar. To sendarar, to mottakarar og to einingar for å knytta dei opp mot resten av nettverket ditt.

Bygging:
Nettstaden ronja.twibright.com har all nødvendig informasjon for å bygga ein slik transceiver. Sjølv folk som har lite erfaring med elektronikk burde kunna klara å bygga ein slikt system, ved å følgja dei grundige instruksjonane.

Andre system:
Det finnest og ein del enklare system som nyttar lys, eller laser til å kommunisera. Desse systema inkluderer enkle analoge system som er meint for å overføra tale, eller morse. Enklare system med lavare bandbredde har klart å oppnå vesentleg betre rekkjevidde. Eg er usikker på kva som er rekorden, men eg har hørt om radioamatørar som har oppnådd kommunikasjon over ein avstand på 278 km.

Eksterne lenkjer:
http://en.wikipedia.org/wiki/RONJA
http://en.wikipedia.org/wiki/Free-space_optical_communication
http://en.wikipedia.org/wiki/Visible_light_communication

http://ronja.twibright.com/ – Nettstaden til dei som har utvikla RONJA.
http://www.modulatedlight.org/ – Mykje bra informasjon om andre optiske kommunikasjonssystem.

Bileta i denne artikkelen er distribuert under vilkåra i GNU Free Documentation License.

  2 svar til “RONJA (Optisk sambandssystem)”

  1. Spennande tema detta her Eirik. Har du planar om å kjøpa deg noe utstyr?

    • Lurer på det ja. Eg har sett litt på forskjellige lysdiodar og fotodiodar som kan brukast, så tenker eg bestiller det i første omgang.

      Mulig eg begynner med å bygga ein transceiver for telefoni i første omgang. Kjekt å få litt meir erfaring med optisk kommunikasjon før eg begynner å bygga eit RONJA system.

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel