mar 042011
 
Assistent

SEL Assistent

På denne telefonen var det litt vanskeleg å finna ut noko eksakt om produsent og modell. Den har tydlegvis ikkje blitt godt behandla og all utvendig merking av telefonen er slitt vekk. Innvedig er det eit komplett koblingsskjema over telefonen, der all tekst er på tysk. Skjemaet er merkt med: Tischfernsprecher assistent mit Taste 3316-26-2 Ausg 2.

Etter ein del søking på Google så har eg kome fram til at produsenten sannsynlegvis er Standard Elektrik Lorenz(SEL), ein tysk telefon, radio og tv produsent.

Eg har testa telefonen og alt fungerer som det skal, den avgir ein kraftig ringelyd og overfører tale klart og tydeleg. Pulsoppringinga fungerer fint mot dei sentralane som støtter dette. Dersom det er ønskeleg så er det ingen problem å ta telefonen i bruk.

Her er eit bilete av koblingsskjemaet som er limt fast på innsida av dekselet under telefonen:

Koblingsskjema

Koblingsskjema

 

Slik ser telefonen ut innvendig, det er ingen teikn på at den dårlege behandlinga som telefonen har fått utvendig har påverka dei innvendige komponentane.

Telefonen innvendig

Telefonen innvendig

feb 272011
 

11AB22 er ein gamal telefon frå Elektrisk Bureau som kom ut i 1967. Det er den første telefonen som brukte transistorar i elektronikken. Utvendig er designet er det same som den populære Ericsson Dialog, men innvendig er det ein meir moderne elektronisk krets. Den har ein elektronisk ringer og bruker ein dynamisk mikrofon.

Elektrisk bureau 11AB22

Elektrisk bureau 11AB22

Eg har eit eksemplar som heiter: 11AB22-63, den er merka med Televerket.

Eg har hatt diverse problem med telefonen, det er nokon som har klypt av sjølve telefon røyret så eg har måtta erstatta det med eit eg hadde liggande frå ein anna telefon. Eg har og hatt vansklegeheter med å skaffa koplingsskjema til telefonen, noko eg har hatt behov for i forbindelse med at eg har måtta gjort litt feilsøking på den.

Koblingsskjema:

Eg har dessverre ikkje noko komplett koplingsskjema over telefonen, det einaste eg har er eit skjema som viser korleis eksterne tilkoplingar skal utførast.

11ab22 Koblingskjema

11ab22 Koplingsskjema