des 092013
 

Kvil i fred Råtto Kvitepus Haustveit, eg saknar deg allereie.

Det er rart å sitte her å tenke på deg, pusen min <3 Hadde aldri trudd du skulle reise frå meg så fort. Du vart altfor ung, kunn 1,5 år gammal, og eg var sikker på at me skulle ha deg i mange år til. Mor di er jo over 9 år, og eg var sikker på at ho skulle reise frå oss før du gjorde det.

Du og søskene dine vart født rundt månadskiftet Mai/Juni i 2012, det var veldig rart å sjå på dykk, for de var så ulike. Det var du med den kvite lange pelsen, Oransje med kort oransje pels(no shit) og Junior med kort spraglette pels. De var så utrulig fine <3 Me hadde ikkje hatt tamme kattungar på 6-7 år, så me forventa ikkje det då heller, så når det gjalt namn var me ikkje serlig kreative. Oransje var oransje og Junior likna på mor si, mens du, Råtto, likna litt på ei kjeledyr rotte, iallefall i fargane 🙂 De var jo sikkert under ei veke gamle når me fann dykk, så du likna nok litt på ei rotte, så begynte Håvard å spøke med det, og derfor blei det namnet ditt.

råtto4

Pusungane den 23. Juli 2012

 

De vaks til og blei nokre små krabatar som sprang rundt ute, men de hadde eit lite problem. De hadde betennelse på augene heile gjengen, så me måtte vaske dykk rundt augene for at de skulle få til å opne dei. Det vaks de heldigvis av dykk, og vart fine friske kattungar heile gjengen.

Så begynte de å bli klare til å få eigne familiar, Junior flytta til Hauso og bytte namn til Tordis, og der bur ho fortsatt, Oransje bytte namn til Jerry og flytte hos nokre polakkar i Herand, dei har flytta vekk no, og dei tok han med seg, men eg veit ikkje kor. Mens du blei buande heime hos oss, den nydligaste av alle kattane, men du blei alikavel valt sist, rart det der. Men heima hos oss trivdes du nok, her hadde du oss og mor di og nabokattane og naboane som alle var(OG ER) veldig glade i deg. Du hadde to heimar, og var alltid velkommen begge stader.

Du pleide alltid å følge etter oss når me gjekk på tur, men fort det gjekk du ikkje. Du kom vanligvis diltande etter, og du begynte å jamre når me gjekk for langt i frå deg. Eg pleide å syntes det var litt irriterande, for då måtte eg alltid passe på at du blei med heim att. Så det hendte at eg sneik meg ut, eller begynte å springe for at du ikkje skulle følge etter meg. Men kva skulle eg gitt for at du skulle bli med meg på tur i dag? ALT.

I går rett før eg skulle legge meg i går fekk eg høyra at Elsa hadde ringt og sa at du låg utforbi hos dei, og at du var sjuk. Me gjekk ut for å hente deg, og når me kom der såg me deg ligga heilt i ro i ein veldig unaturlig stilling. Jon sa han trudde du var død, men etter å ha klappa deg litt kjente eg at du hadde litt puls. Eg løfta deg opp og la deg i eit teppe, då lagde du nokre lydar, det høyrdes ut som om du hadde det vondt. Me bar deg heim, og når me la deg på golvet i gangen såg me med ein gong at du var død. Den nydelige kvite katten min låg død på golvet, med munnen open og med kalde auger. Eg braut saman i gråt, og holdt rundt deg, eg ville ha deg tilbake! Eg la deg i ein kasse og sette deg innpå vaskerommet, håpte at du med eit under ville vakne.

råtto2

15. Juni 2013

 

I dag vakna eg og sto opp, men du låg der fortsatt, livlaus. Eg kunne gå ut den vanlege døra, uten å vera redd for at du skulle følge meg ned til bussen. Eg slapp å gå kjellarvegen, men var ikkje glad for det, eg saknar deg pusen min <3

R.I.P. puselusen min, return if possible..

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel