R/V Geo Atlantic

 

Research Vessel Geo Atlantic er ein tidlegare kabelleggar som er ombygd til seismikk. Det er den første båten eg jobba på i første halvdel av læretida mi.

Båten har konvensjonelt framdriftsmaskineri med to hovudmotorar på 4700kW og to hjelpemotorar på 2300kW. Den er 120 meter lang og 27 meter brei på det breiaste. Den har to tunnelthrusterar og ein azimuth forrut. Akterut så har den ein thruster og ein azimuth. Toppfarten kan variera men me hadde sjeldan meir enn 15 knop, i operasjon så er farten ca 4 til 5 knop.

R/V Geo Atlantic

R/V Geo Atlantic

Mannskapskifte i Australia

Ein gong me skulle til Australia på mannskapbytte, så reiste me for tidleg og fekk derfor nokre dagar ferie der nede. Då var me mellom anna på krokodillesafari.

Ein krokodille i ei elv i Australia

Ein krokodille i ei elv i Australia

Chasebåt – Tanux 1

Tanux 1

Tanux 1

Geo Atlantic har ein fast Chasebåt: Tanux 1, tidlegare Zamil 35.

Spesifikasjonar Tanux 1:
Framdriftsmaskineri: 2 stk Caterpillar 3512B på 1575 hk.
Elektrisk kraft: 3 stk. 99kW Caterpillar 3506
Lengde: 54 meter
Bredde: 13,8 meter
Djuptgåande: 3,6 meter

 Legg att eit svar

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code class="" title="" data-url=""> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong> <pre class="" title="" data-url=""> <span class="" title="" data-url="">

(kravd)

(kravd)

Før du sender innspel