jun 152011
 

Eg og Eirik har begynt å lage ein Haustveit versjon av favorittspelet mitt GNUjump, som me kaller HaustveitHOPP. det går ut på det samme, men me har bytta ut figurane med meg, Håvard, Eirik og Buster.

Spelet går ann å spela, men er ikkje heilt ferdig, me har bl.a. oversetting igjen, så me kan ikkje legge ut spelet for nedlasting enda.

Slik ser menyen ut

Slik ser det ut når ein speler

Slik ser figurane ut

Her er det bilder av korleis spelet ser ut no, de som har spelt GNUjump/berre har peiling på design ser at det er ein del me bør forandra på.

jun 022011
 

GNUjump er eit spel som går ut på å hoppa oppover i eit tårn, der du aldri kjem til tops.                                   Det er om å gjera å koma høgast mulig.                                                                                                       Spelet er veldig likt eit meir kjent spel som heiter Icy Tower, berre litt vanskeligare.

Du styrer ein vill fyr som er sjukt vanskelig å styra, men det er den utfordringen som gjer spelet kjekt 😀

Du kan spela multiplayer med vennene dine 😀

Eg har spelt dette spelet som eit tidsfordriv, for eksempel då eg venta på å få oppgåvene til tentamenane eg hadde i vår, og derfor har eg fått mykje høgare highscore enn det dei fleste greier. Viss du ikkje har spelt mykje greier du vanligvis ikkje meir enn 20.

Eg er John Petter 😛

Du kan og velge andre figurar og bakgrunnar 😀

Eg vil anbefale alle å prøve dette spelet 🙂

Link til sida til spelet: http://gnujump.es.gnu.org/index.php/Main_Page

feb 162011
 
Roper Klacks slott

Slottet til Klacks bygd av dei beste arkitektane i Arcadia

Eit spel som er umogeleg å tapa, men som alikavel er krevande å vinna.
Spelet kom ut på slutten av 90-tallet, i slutten av epoken til eventyrspela, og det vart eit av dei siste store eventyrspela som vart laga i den stilen. Både i lengde og grafikk var spelet overlegent dei tidligare eventyrspela. Dei fleste som kom før var på under 10 timar speletid, mens dette er på 40 timar.

April Ryan

Heltinna

Spelet er framleist populert, særleg blant dei som vil ha litt djupare historiar og meir spenning i spelopplevingane sine. Og det er stor einigheit innan eventyrspel miljøet at det er blant dei aller beste som er vorte laga.