mar 022012
 

Bon Jovi er fortsatt verdas beste band, men synst berre det var litt lite info i det gamle innlegget mitt om Bon Jovi, så eg skriver eit nytt eit.

Bon Jovi vart danna i 1983 av vokalist Jon Bon Jovi(John Francis Bongiovi Jr. fødd 1962), keybord spelar David Bryan(David Bryan Rashbaum, fødd 1962), bassist Alec John Such(fødd 1952) og Tico Torres(Hector Samuel Juan Torres, fødd 1953)på trommer. I begynnelsen spelte Dave «Snake» Sabo(Skid Row, fødd 1964) gitar i bandet, men han var aldri eit offisielt medlem(i følge Jon Bon Jovi). Han vart erstatta av Richie Sambora(Richard Stephen Sambora, fødd 1959).

Den fyrste singelen deira heiter «Runaway» og vart gitt ut i 1983(den vart skrive i 1980, orginalt innspelt i 1981). Den vart nr. 40 på Billboard Hot 100 lista.

Bon Jovi gav ut 4 studioalbum på 80-tallet. Bon Jovi(1984), 7800° Fahrenheit(1985), Slippery When Wet(1986) og New Jersey(1988). Det å ha stor suksess med Slippery When Wet(inneheld tre av dei største hitsane «Livin» on a Prayer», «You Give Love a Bad Name» og «Wanted Dead or Alive») førte til mykje turnering. Då dei ikkje lenge etter det jobba hardt for å laga New Jersey, for så å ha ein turne etter det gjorde bandet utslitt, som førte til at dei hadde ein 4 års pause der dei knapt såg kverandre.

I 1992 gjekk dei saman igjen for å lage sitt 5. studio album, Keep the Faith. I dette albumet gjekk dei vekk frå glam metallen sin, og over til hard rock. Det var og det siste studioalbumet Alec John Such spelte på(viss me ser vekk frå samlealbumet Cross Road), han vart sparka i 1994 fordi han var ein for dårlig basspelar. Mange lurer på om den egentlige grunnen er at han gjekk til media og fortalte at han ikkje kom til å spele på albumet These Days(utgitt i 1995) fordi Jon klagde så fælt på basspelinga hans. I følge Jon er ikkje dette grunnen. Alec er uformelt erstatta av Hugh McDonald(fødd 1950).

Richie, Alec, Jon, Tico og David

I 2000 gav dei ut sitt 7. studioalbum, Crush. Dette albumet inneheld ein av bandets største hits gjennomtidene «It’s my life». Dei har sidan den tid gitt ut 4. studioalbum, Bounce(2002), Have a Nice day(2005), Lost Highway(2007) og The Circle(2009).

I 2010 gav dei ut eit Greatest Hits album som inneholt alle dei største hitsane deira, i tillegg vart det laga 5 nye sangar til albumet, to til den normale versjonen, to til dobbel CD versjonen, og ein til iTunes versjonen.

Solo-prosjekt:

Alle medlema har hatt soloprosjekt når Bon Jovi ikkje har laga album eller våre på turne.

Jon har gitt ut to solo-album, Blaze of Glory i 1990 og Destination Anywhere i 1997. Blaze of Glory var filmmusikk til filmen Young guns II, sangen med samme namn som albumet vart ein kjempehit, den vann prisen for Favorite Pop/Rock Single i 1991 på American Music Awards, og Best orginal sang på Golden Globe Award i 1991, den var og nominert til mange andre prisar. Det er og laga  ein kortfilm basert på musikken i Destination Anywhere, med Jon Bon Jovi i hovudrollen.

Jon har og ein skodespelarkariere, han har spelt i 12 filmar, sist i New Year’s Eve som kom ut i slutten av 2011. Han har og spelt i seriar som Ally McBeal og Sex and the city.

Richie har gitt ut to soloalbum Stranger in This Town i 1991 og Undiscovered Soul i 1998.

 

David har gitt og gitt ut to studioalbum On a Full Moon i 1995 og Lunar Eclipse i 2000. On a Full Moon inneheld bl.a. David sin versjon av Bon Jovi hiten «In These Arms».

Tico har brukt tida uten bandet til å male. I Bon Jovi musikkvidioen til sangen «Who says you can’t go home» vises maletalentet til Tico, mens dei andre medlema i bandet maler ein vegg einsfarga, står Tico og maler eit hus i eit hjarta. Han eiger og eit klesmerke kallt Rock Star Bayby.

Det er forventa at det skal komme eit nytt Bon Jovi album i begynnelsen av 2013.

Tilslutt vil eg anbefala nokre litt ukjente sangar:

  • Dry county
  • My guitar lies bleeding in my arms
  • Always Run to You
  • Bounce
  • Brokenpromiseland
  • Complicated
  • I’d Die For You
  • I Want You
  • Two story town

Også tilslutt det viktigaste

Gratulera med 50 års dagen Jon!!

 

jun 022011
 

Vinskvetten er det einaste bandet som eg med sikkerhet kan sei at alle i familien liker 🙂 Det kjem kansje litt av at mammo er stril og pappen halvt stril, så eg og brødrene mine er 3/4 stril 😀

Vinskvetten(eller Salhusvinskvetten) vart opretta i 1975 på ein revy der dei parodierte Salhuskvintetten.

kjelde: http://www.tradebit.com/filedetail.php/80329051-da-sa-det-var-forbi-bi-bi

Vinskvetten består av:

  • Bjørn Jensen (Bertel), gitar og vokal
  • Gunnar Låstad (Ruball), bass og vokal
  • Arild Totland (Belbert), trommer og vokal
  • Jarle Farestveit (Hallstein), trekkspill og vokal
  • Øyvind Østerbø,(Øyvind) gitar og vokal
  • Gunnar Polden, lys- og lydtekniker

Tidligare medlemer:

  • Steinar Toft
  • Finn Langeland
  • Knut Langeland
  • Stein Langeland
  • Bjørn Ivar Rusten
  • Kjell Østerbø
  • Roald Tellevik

Favorit sangane våre er:

  • Gunhild: Sme Ola løo
  • Eirik: Fergebillitøren
  • Håvard: Tannlegen

Anbefaler alle som ikkje allereie høyrer på dei å begynna med det 🙂

jan 122011
 
Mission Cyrus One

Mission Cyrus One

Mission Cyrus One er ein integrert hi-fi transistor forsterkar. Den er etter min meining ein meget god forsterkar. Den har innebyd RIAA forforsterkar med støtte for både MM og MC. Tilkobling for 4 inngangsignal + phono som går til forforsterkaren. Den har volum og balansejustering og ein lavnivå signalutgang som ganske enkelt tar eit av innsignala og vidarefører det til utgangen.

Eg kjøpte min brukt av Sigbjørn Haustveit.

Spesifikasjonar:

Effekt 2x25Watt i 8 Ohm
Forvrenging: 0.005%, 1kHz (i 8 Ohm)
Frekvensrespons (signalinngang) – -3 dB, 1Hz og 50kHz
Frekvensrespons (phono RIAA) – 20Hz – 20kHz ± 0.2dB
Damping factor – 100
Slew rate – 10
Følsomhet: (referanse 1W utsignal) – MM: 400uV, MC: 40uV, Signal: 65mV
Inngangsimpedans – 14kOhm (RCA) og 47kOhm (PHONO)
Signal/støy forhold (referanse 1W utsignal) – MM: 84dBA MC: 67dBA Signal: 86dBA
Vekt: ca 5kg

Litt forklaring:

  • Damping factor – forholdet mellom impedans i høgtalar og utgangen til forsterkaren, høgt tal betyr liten utgangsimpedans i forhold til impedansen i høgtalaren og det gir generelt betre lyd.
  • Slew rate – maksimal hastighet til endring av utsignal, ved endra innsignal. Oppgitt i V/µs.
  • MM – moving magnet
  • MC – moving coil
jan 102011
 
Music Angel KT88 XD-800 MKIII

Music Angel KT88 XD-800 MKIII

Music Angel KT88 er ein kinesisk røyrforsterkar som har fått veldig god omtale i Norge. Eg bestillte min frå nettstaden http://www.hi-end.on9mart.com/ og fekk den levert etter ca 2 veker.

Lyden er veldig god, mykje betre enn forskjellege transistor-forsterkarar som eg har prøvd tidlegare. Høgttalarane eg bruker er Dali sine Consept 6, sjølv om det sikkert finnest høgttalarar som fungerer betre med denne forsterkaren så er eg veldig fornøgd med det oppsettet.