aug 192014
 

No har eg ikkje sett deg på 12 dagar og er verkeleg bekymra for deg. Du såg ikkje heilt bra ut den siste tida før du forsvann, du har alltid våre liten, men då var du syltynn. Du var gravid og hadde stor mage, men resten av deg var berre skinn og bein. Me gav deg mat, men du rørte den så vidt. Du la deg i vegen og slappa av, og flytte deg ikkje når det kom bilar. Naboar måtte stoppe bilane, gå ut og bere deg ut av vegen. Du var verkelig ikkje deg sjølv, pusen min. No håpar eg så inderlig at du dukker opp att.

Historien om oss byrja for snart 10 år sidan, 1. september 2004. Det var ein onsdag, eg hadde fri frå skulen og eg hadde bursdag 🙂 Eg skulle ha selskap seinare på dagen og vart derfor overaska då to klassekameratar ryngde på mange timar før selskapet. Dei hadde funne kattungane våre, ungane til Tiger. Det var fem kattungar, ein svart, to grå/brune, ein korthåra spraglete og ein langhåra spraglete, Buster ♥ Det gjekk med dei kattungane som det gjer med mange utekattar, 3 forsvann(Eg trur Pjusken drap dei) og ein fekk me gitt vekk. Så var det deg att, Buster’n min ♥ Me skulle eigentleg ikkje behalde deg, men Tiger forsvann, så du blei verande. Eg er så utrulig glad for at me beholdt deg, du har betydd utrulig mykje for meg gjennom oppveksten ♥

Det tok lang tid å verte kjend med deg, du var ganske stor då me fann deg(4/5 veker gammal) og me hadde Pjusken som alltid stjal merksemda vår. Pjusken var ein veldig sosial katt, og du kom nok i skyggen av ho. Pjusken døyde om hausten i 2007, noko som var veldig trist. Då vart du den einaste katten på garden, og me måtte verte skikkeleg kjende med deg. Du viste deg å vera ein skikkelig kosepus, ein som kunne ligge i fanget mitt i mange timar. Eg kunne løfte deg som ein baby, og det er det ikkje mange kattar som likar!

Du vart ein trufast ven, ein som alltid var der for meg. Hadde eg ein dårlig dag, så hadde eg alltid deg til å trøste meg. Du krevde ikkje så mykje(i motsetjing til alle andre), om du fekk mat og kos, var du fornøgd 🙂

Buster'n min ♥ Bilete frå då ho var ca. 1 år

Buster’n min ♥ Bilete frå då ho var ca. 1 år

I 2012 fekk du kattungar. Det hadde du hatt før og, men dei vart aldri gamle, mange kull fann me aldri. Desse kattungane var det annleis med, dei vaks opp alle tre. Det var Junior, Oransje og Råtto, dei nydligaste kattungane i verda. Dei fekk all merksemda vår i tida framover, Junior og Oransje gav me vekk, men Råtto beheldt me. Råtto minna om Pjusken, både på utsjånaden og personlegdommen. Det som skjedde då var at du, Buster’n min, kom i skyggen av Råtto. I 1,5 år levde Råtto, og den tida har eg veldig dårlig samvit for. Eg var utrulig glad i Råtto, men det at eg nedprioriterte deg greier eg ikkje å tilgje meg sjølv for. All «kattetida» mi vart prioritert på han, eg koste nesten ikkje med deg så lenge han levde. Unskyld ♥

No har eg flytta vekk for å studere(er det ikkje rart at du forsvinn rett før eg flytter?), eg kjem heim ein tur om 2 veker, kan du vere der og vente på meg då? Ver så snill ♥

Uansett så må du vita at du har gitt meg så utrulig mykje, og er er utrulig takksam for alle dei gongane du var der for meg ♥

Eg elskar deg og saknar deg så utrulig mykje!

Eg har aldri elska eit dyr like høgt som eg elskar deg, og det kjem eg heller aldri til å gjere.

♥  Buster’n min ♥