mai 112011
 

For ca. ein månad sidan var eg på klassetur til Polen og Tyskland. Me reiste først og fremst for å ha det kjekt, men og for å lære om 2. verdskrig.

Me var innom 4 tidligare konsentrasjonsleirar, Auschwitz, Auschwitz-Birkenau, Sachsenhausen og Ravensbruk. Eg var litt skuffa over nokre av leirane, Auschwitz var berre eit museum, mens både Sachsenhausen og Birkenau var nesten heilt vekke. For meg, som er jente, var så klart Ravensbruk(kvinneleiren) den verste leiren med flest inntrykk, me fekk sjå fengselet og høyra historiar om ungar som var fødd i leiren og vart torturert. Det var jo ikkje så mykkje igjen av denne leiren heller, men den var verst å vera i.

Men me reiste ikkje berre på tur for å sjå på leirar, me var i Krakow å shoppa 😀 Det blei ein del shopping på turen, både i Krakow, Worklaw(softis til 2kr) og Berlin. Alt i alt kjøpte eg 2 par sko, 2 genserar, 2 smykker, 1 bandana, 1 armband, 2 dragar, 1 vogn med salt frå saltgruva(pynteting), 2 t-sjorter og 2 singlettar. Det var ingenting i forhold til det resten hadde 😛

Saltgruva Wieliczka var ein fantastisk opplevelse, det er ei gruve som arbeiderane har lagd skulpturar i. Det var store kammer og katedralar, det var så utrulig flott at eg ikkje klarer å beskrive det.

Wieliczka

Det var og folklore oppvisning på hotellet, med polsk folkemusikk, det var kjempekjekt 😀 etter ei stund begynte oppvisarane å dra folk med på dansen, eg fekk danse 😀

Tilslutt var me i Berlin ein tur, der var me på «shopping», det var svindyrt i forhold til Krakow, så nesten ingen shoppa. Me fekk og sett på Berlinmuren, det var litt kult, fordi den er malt med forsjelige bilder.

De kulaste bilde på muren, bilen 😀

Anbefaler alle å reise til Polen med Kvitebussar 😀