Eirik Haustveit

Elkraftingeniør med stor interesse for faget. Interessert i politikk, filosofi, og har ein spesiell forkjærlighet for gamal elektronikk. Skremt av den tilsynelatande passive haldninga til utviklinga av overvakingssamfunnet.

des 182012
 

Dei som kjenner meg veit at eg er ganske skeptisk til bruk av sosiale media. Eg har derimot konkludert med at ein konto på Twitter ikkje er noko problem så lenge den ikkje blir brukt til å formidla personleg informasjon.

Eg har installert eit program som automatisk legg til ein ny «tweet» på twitterkontoen min når eg legg ut eit nytt innlegg på haustveit.net.

Eg ser for meg at dette kan vera ein fordel dersom eg begynner å bruka bloggen min litt meir aktivt. Det blir enklare for folk å følgja med etter kvart som eg legg ut nye artiklar.

Målet er først og fremst å nytta bloggen til formidling av tekniske artiklar om forskjellige emne eg interesserer meg for, og som eg kan litt om.

sep 012011
 

På Herdla utanfor Askøy ligg det eit nedlagt torpedoanlegg som skal gjerast om til museum. Anlegget er ikkje offisielt opna som museum, men ved spesielle høve har det vore omvising. Eg har vore med å gjort litt dugnadsarbeid, samt at eg har vore med som guide når folk har besøkt anlegget.

Konsoll for styring av torpedo i kommandostasjon.

Konsoll for styring av torpedo i kommandostasjon.

Torpedokontrollromet, frå venstre skjerm for optiske sensorar, radar og til høgre kontrollpanel for styring av sjølve torpedoen.

Torpedoar

Ein torpedo på travers.

Ein torpedo på travers.

 

Løft frå transportvogn.

Løft frå transportvogn.

 

Optisk sensor

Optiske sensorar for anlegget

Optiske sensorar for anlegget

Dei optiske sensorane er skjult under bakken og kjem først opp når dei blir aktivert frå kommandosentralen. Det er eit vanleg dagslys kamera, eit IR kamera og ein laser for måling av avstand. Ved gjentatte målingar er det mogleg å berekna fart og kurs til ein eventuell fiendtleg båt.

Radar

Radar

Radar

Radaren blei brukt i tillegg til dei optiske sensorane for å oppdaga og følgja båtar.

mai 052011
 

Den 5 mai 2011 var det arrangert demonstrasjon mot datalagringsdirektivet på Torgallmenningen i Bergen.

Demonstrasjonen var ironisk nok annonsert på Facebook (eg fekk høyra om demonstrasjonen frå ein kamerat). Været var forholdsvis fint, men det var tydelegvis ikkje nok til å sørgja for at folk stilte opp. Eg talde ikkje nøyaktig, men trur ikkje det var mykje over 50 personar som deltok.

Demonstrasjonen blei heller ikkje ein langvarig aktivitet, etter ein kort marsj frå «den blå steinen» og eit lite stykke nedover Torgallmenningen, blei det holdt nokon korte talar før demonstrasjonen brått blei avslutta. Talarane hadde ein liten megafon for å forsøkja å spreia bodskapet sitt, men den var på langt nær god nok. På tross av at det var lite folk så var det vanskeleg å høyra kva som blei sagt.

Det heile virka dårleg organisert og meir som eit russearrangement enn ein seriøs demonstrasjon. Sjølv om eg trur initiativet var godt meint så må det nok meir til enn dette dersom me skal klara å vinna kampen mot DLD.

jan 202011
 
OpenWrt

OpenWrt

OpenWrt er ein GNU/Linux basert distribusjon for bruk som ein alternativ «firmware» for ruterar og andre «små datamaskiner». Prosjektet starta ved at Linksys gav ut ruteren WRT54G med programvare basert på GNU/Linux og derfor open kildekode, dette gjorde det enklare å utvikla ein alternativt operativsystem for ruteren som utvida bruksområda til ruteren vesentleg.

Eg bruker OpenWrt på ruterane mine og eg veldig fornøgd med dei ekstra moglegheitene det medfører. Dersom du har ein moderne ruter så hender det at det er ein USB port innebygd og den kan f.eks brukast til eit webkamera eller ein ekstern harddisk som du ynskjer at skal vera tilgjengeleg på Internett eller det lokale nettverket.

Konfigurasjon av ruteren kan f.eks bli gjort via Telnet, SSH eller via eit webbasert grensesnitt med namnet LuCI. Det siste er kanskje enklast, men gir ikkje tilgang til alle funksjonane til operativsystemet og sidan det er eit fullverdig operatisystem så er det mogleg å installera forskjellege ekstra program på det som ikkje er implementert i LuCI.

Dersom du skal kjøpa deg ein ny ruter så anbefaler eg å skjekka om den er støtta av OpenWrt før du bestemmer deg for kva modell du skal kjøpa, sjå http://wiki.openwrt.org/toh/start for ei lista over støtta einingar.

For meir informasjon om OpenWrt sjå: http://openwrt.org/

Wikipedia artikkel om OpenWrt(Engelsk)

jan 122011
 
NSLU2

NSLU2

NSLU2 (Network Storage Link for USB 2.0 Disk Drives) er ein liten ARM basert eining som er meint for å dela USB baserte lagringsmedia over eit datanettverk vha SMB protokollen. Den køyrer ein spesialtilpassa distribusjon av Linux.

På grunn av at all programvare på eininga er open source så har den blitt brukt til mykje meir enn ei enkel NAS løysing. Det er mogleg å installera program for å får den til å fungera som f.eks ein webserver, webcamserver, musikkserver, styring av automatiserte system m.m.

Sjå http://www.nslu2-linux.org/ for mykje informasjon om kva du kan bruka den til.

jan 122011
 
Mission Cyrus One

Mission Cyrus One

Mission Cyrus One er ein integrert hi-fi transistor forsterkar. Den er etter min meining ein meget god forsterkar. Den har innebyd RIAA forforsterkar med støtte for både MM og MC. Tilkobling for 4 inngangsignal + phono som går til forforsterkaren. Den har volum og balansejustering og ein lavnivå signalutgang som ganske enkelt tar eit av innsignala og vidarefører det til utgangen.

Eg kjøpte min brukt av Sigbjørn Haustveit.

Spesifikasjonar:

Effekt 2x25Watt i 8 Ohm
Forvrenging: 0.005%, 1kHz (i 8 Ohm)
Frekvensrespons (signalinngang) – -3 dB, 1Hz og 50kHz
Frekvensrespons (phono RIAA) – 20Hz – 20kHz ± 0.2dB
Damping factor – 100
Slew rate – 10
Følsomhet: (referanse 1W utsignal) – MM: 400uV, MC: 40uV, Signal: 65mV
Inngangsimpedans – 14kOhm (RCA) og 47kOhm (PHONO)
Signal/støy forhold (referanse 1W utsignal) – MM: 84dBA MC: 67dBA Signal: 86dBA
Vekt: ca 5kg

Litt forklaring:

  • Damping factor – forholdet mellom impedans i høgtalar og utgangen til forsterkaren, høgt tal betyr liten utgangsimpedans i forhold til impedansen i høgtalaren og det gir generelt betre lyd.
  • Slew rate – maksimal hastighet til endring av utsignal, ved endra innsignal. Oppgitt i V/µs.
  • MM – moving magnet
  • MC – moving coil
jan 102011
 
Music Angel KT88 XD-800 MKIII

Music Angel KT88 XD-800 MKIII

Music Angel KT88 er ein kinesisk røyrforsterkar som har fått veldig god omtale i Norge. Eg bestillte min frå nettstaden http://www.hi-end.on9mart.com/ og fekk den levert etter ca 2 veker.

Lyden er veldig god, mykje betre enn forskjellege transistor-forsterkarar som eg har prøvd tidlegare. Høgttalarane eg bruker er Dali sine Consept 6, sjølv om det sikkert finnest høgttalarar som fungerer betre med denne forsterkaren så er eg veldig fornøgd med det oppsettet.